Hardanger Spelemannslag ser seg diverre nøydde til å avlysa alle arrangement i samband med Folkemusikkhelg i Granvin 13. - 15. mars.
Styret i Hardanger Spelemannslag har i samråd med kommuneoverlegen i Voss herad bestemt seg for å AVLYSa alle aktivitetar i vår regi under Folkemusikkhelga i Granvin 13. - 15. mars 2020.
Dette inkluderer kurset "Dans, spel og song - alt pao ei gong", dans i Trudvang og øving i laget. Arrangementet "Folkemusikkveld på Jaunsen" i regi av Spelarhola fredag 13. mars vert også AVLYST.
Styret utsetjer også årsmøtet. Nytt møte vert beramma til mai månad og ny innkalling vert sendt ut.
Grunnlaget for dette er retningslinene i "Råd for arranementer og samlinger" som er sendt ut av Folkehelseinstituttet i høve smitterisiko av coronavirus og kommuneoverlegen sine tilrådingar i samband med dette.
Lurar du på noko knytt til dette kan du ta kontakt med oss på tlf. 90626084 eller roynstrand@hotmail.com.
Me er særs leie for dette, men meiner samstundes at det er ei riktig avgjerdsle.
Styret i Hardanger Spelemannslag
v/ Alexander Aga Røynstrand