Landskappleiken 2025

Landskappleiken i Eidfjord 25. - 29. juni 2025

I 2025 kjem som de veit Landskappleiken til Hardanger igjen! Nærmare bestemt 25.-29. juni. Det er 21 år sidan sist, også den gongen var Landskappleiken i Eidfjord. 

Hei alle saman!

 

I 2025 kjem som de veit Landskappleiken til Hardanger igjen! Nærmare bestemt 25.-29. juni i Eidfjord. Det er 21 år sidan sist, også den gongen var Landskappleiken i Eidfjord. 

Hovudnemnda for Landskappleiken i Eidfjord er i full gang med å planleggja arrangementet som skal skje til neste år. Landskappleiken inneber mange oppgåver, der eit stort tal frivillige vil vera avgjerande for å kunna gjennomføra festivalen, både før under og etter. Me reknar med at me treng omlag 500 dugnadsarbeidarar og at det tek omlag 10.000-12.000 dugndastimar å gjennomføra ein Landskappleik.

Grunnlaget for at Hardanger Spelemannslag søkte om å arrangere Landskappleiken er fordi me ser på arrangementet som særs verdfullt for å styrkja miljøet og rekrutteringa i regionen vår. Me har Hardingfolk, Dans, Spel og Song, torsdags- og sundagsøvingar, og no vert landskappleiken i Eidfjord 2025 neste ledd i det å motivere, engasjere og rekruttere.

Landskappleiken 2025 vil kunne skapa åtgaum om Eidfjord og heile Hardanger. Både overnattingsverksemder, lokalt næringsliv og ikkje minst lokale matprodusentar vil kunna nyta godt av dei mange tilreisande som vil koma til festivalen. Ein kappleik som gjev deltakarar og publikum positive opplevingar, vil kunna ha positiv omdøme-effekt i lang tid etter sjølve festivalen. 

Skal me nå målet om ein kappleik som vert minst like gild som sist, treng me mange frivillige. Me håpar alle de i laget vil spreia ordet om frivilljug-arbeidet. Me treng dykk alle, til både store og små oppgåver, alle kan bidra med noko!
Vil du melda deg som frivillig allereie no, kan du følga denne lenka: https://www.landskappleiken.no/meld-deg-som-frivillig-paa-landskappleiken-i-eidfjord-2025.6687135-609389.html. Lenka finn de også på nettsida Hardingfolk.no, Landskappleiken.no eller på Facebook-sida til Landskappleiken.

Me treng også alle senger Eidfjord kan by på, inkludert dei som vanlegvis ikkje vert leigde ut. Dette er ei flott moglegheit til å leiga ut huset ditt, kjellarstova, eit rom i huset, hytta eller liknande. Så om du kjenner nokon som kjenner nokon som kanskje vil leiga ut noko, be dei ta kontakt med jenny@landskappleiken.no!

 

På Hardingfolk.no og facebooksida til Hardingfolk ligg det informasjon om torsdags-, og sundagsøvingar, samt alle Hardingfolk-kursa. Det neste Hardingfolk-kurset vert 23.november i Eidfjord, her skal me også ha eit lite kick-off for Landskappleiken. Meir informasjon om det kjem seinare, men me oppmodar dykk allereie no om å setja av datoen!

Dersom de har spørsmål om noko må de gjerna ta kontakt! Heile kappleiksnemnda står klare for å ta i mot dykk