- Hardanger Spelemannslag
Likar du å syngje? Har du lyst til å læra litt meir? Då er Holvenstova staden å vera i haust. Me er så heldige at Berit Opheim kjem til Granvin tre kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!
Velkomne skal de vera!
Onsdag 22.juli kjem Sommarbåten til Ulvik og i samband med dette vert det høve til å sjå spreke dansarar frå Hardanger i lag med ein staut spelemann frå Voss.
Hardanger Spelemannslag stiller med lag i både junior og seniorklassen samt i lagdans på Landskappleiken på Fagernes i slutten av juli.
Her finn du årsmeldinga slik den vert framlagd for årsmøtet i morgon klokka 15 på Løo på Seim.
Hardanger Spelemannslag inviterar med dette til kurs i Granvin laurdag 14.mars 2015. Me satsar på lokale krefter i spel, song og dans medan durspelfolket får vitjing av ein gjestelærar – Arve Bjørn Røneid. Arve Bjørn kjem frå Gaupne i Sogn og har ei lang merittliste både som musikar og komponist, med gull i solistklassen under NM i Steinkjer som førebels ”topp” på merittlista. I år vert det berre kurs på dagtid og ikkje dans om kvelden, slik me har hatt i dei siste åra, men me avsluttar som vanleg kursa med ein liten konsert for oss sjølve.