- Hardanger Spelemannslag
Alexander Aga Røynstrand frå Granvin kom på førsteplass i klassa hardingfele/vanleg fele på kappleiken under Jørn Hilme-stemnet.
Når Sommertoget til NRK vitja Voss, var det granvinsjenta Mari Holven som stod for musikalsk innslag.
I år var Landskappleiken på Røros. Av plasseringane til laget kan ein blant anna nemna 1. plassen til Amalie Kinsarvik i durspel junior, 3.plassen til Torkjell Lunde Børsheim i A-klassen i halling og 8.plassen i lagdans.
Vil du læra deg å dansa Rørospols? Då er dette minikurset heilt perfekt for deg!
Hardanger spelemannslag markerte seg på Ål i helga.
Alexander Aga Røynstrand frå Granvin gjekk heilt til topps i Fanitulltevlinga under Folkemusikkveka på Ål, medan Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik kapra 2.plassen i hallingdanstevlinga "ein-mot-ein".
Tre kveldar i vår er de velkomne til kvedarkurs. Noter ned 18.mai, 29.mai og 6.juni!
Stormønstring i Granvin
Komande helg er det duka for Hordamønstring i Granvin, laurdag 11.mars. Her samlast folkemusikarar og –dansarar frå heile fylket for å tevla i dans, spel og song.
For alle born og unge
– enten du har delteke på Hordamønstringa, eller berre har lyst til å komma innom og vera med og sjå kva dette er – er du hjarteleg velkommen til gymsalen på Granvin skule frå kl 16:00-17:30 den 11. mars!